Utvidelse av Vest-Telemark Næringspark

by | jun 10, 2019 | Ymse | 0 comments

 «Dykk er så heldige å ha ein Næringspark, der det nå veks fram ei hjørnesteinsbedrift» Seier Tor Peder Lohne, ordførar i Drangedal

Tor Peder har heilt rett! Dessverre er det ikkje like lett for alle å sjå kva for noko fantastisk som er i ferd med å skje innanfor veggane i Vest-Telemark Næringspark (Eller Næringshagen, meir om dette seinare)

Bedrifta Tor Peder siktar til er NC-Spectrum AS, med 3 lokale gründerar  i spissen. Her jobbar det i dag 25 personar med høg kompetanse innan nettverk og kommunikasjonssikkerhet. Fleire av landets største bedrifter er på kundelista. NC Spectrum AS er i vekst og treng infrastruktur som legg til rette for dette. Samstundes ser ein at andre leigetakerar, til dømes Telemark Næringshage og Vest-Telemark Rådet har hatt fleire tilsetjingar det siste året, no er bygget fullt!

#SenterpartietVIL bruke delar av midlane tiltenkt Husstøyl «dassane», på ei utbygging av Vest-Telemark Næringspark. Dette vil sikre at verksemder som NC-Spectrum kan fortsetje den veksten. Det bør ikkje vere ein kommunal ambisjon å slå seg opp i den private utleige marknaden.

Kviteseid Senterparti

Blog