Reallokering av midlar tiltenkt Husstøyl

by | jun 12, 2019 | Ymse

Senterpartiet har blitt kjent med at Vest-Telemark Næringspark AS ikkje lengre har fleire ledige kontorplassar. Dette er sjølvsagt svært positivt og viktig for den vidare utviklinga av Kviteseid. Det er også bedrifter i bygget som har store vekst ambisjonar og ein ser potensielt 20-30 nye arbeidsplassar innan 5 år. For å få til dette er ein heilt avhengig av å utvidde arealet i Vest-Telemark Næringspark, arbeidet med ulike utbyggingsalternativ er i gang. For å sikre framdrift i arbeidet ynskjer Senterpartiet å reallokere midlar tiltenkt utbygging av Husstøyl, til utviding av Vest-Telemark Næringspark.

Kviteseid Senterparti støttar planarbeidet om utviding av Vest-Telemark Næringspark AS, der ein søker eit godt samarbeid mellom private utbyggjarar og kommunen. #SenterpartietVIL bruke delar av midlane tiltenkt «dassane» på ei utbygging av Vest-Telemark Næringshage, for å sikre at verksemder som NC-Spectrum kan fortsette veksten. Det bør ikkje vere ein kommunal ambisjon å slå seg opp i den private utleige marknaden.

Kviteseid Senterparti

Blog