Liv i kvart eit hus

Kviteseid er ein flott kommune, som rommar det meste; ein har fjord, fjell og skjergard. Her bur bønder, handverkarar og akademikarar. Ein har små grender, tettstadar og litt større stadar. Fellesnemnaren er at alle har ein stad å bu, eit hus, ein leilegheit eller eit småbruk.  

Samtidig ser ein at det manglar tomter i populære område, det er unødig vanskelig å byggje spreidd og mange småbruk og hus stend tomme. Ein føresetnad for å få unge til å etablere seg og innflyttarar inn, er at ein har ein stad å bu.

#senterpartietVIL jobbe for 3 heilt konkrete saker i neste periode.

  • Sjå til at kommunale reguleringsplanar kjem på plass og at arbeide med salg av nye tomter kjem i gang så fort som mogleg.
  • Eit småbruksprosjekt saman med dei andre Vest-Telemark kommunane, der ein skal få nedlagte bruk ut i marknaden.
  • Etablere tilskotssordningar for bygging av bustad.
Blog