«Det er ikkje mange nok, det er viktig for»

by | jun 12, 2019 | Ymse | 0 comments

 

I VTB, tysdag 25 juni, stilte Vrådal Vel tre spørsmål; Kor viktig er trafikktryggleik for politikarane? Er dykk verkelig nøgd med berre gateljos mellom Kviteseid – Kvitsund, utan ein gang og sykkelveg? Er dykk verkelig nøgde med berre vegutviding mellom Straand hotell – Vrådal Hyttegrend, utan ein gang og sykkelveg?

Det korte svaret på dette er, nei. Dessverre ser ein gong på gong at trafikktryggleik for mjuke trafikantar vært nedprioritert langs RV-41. 

«Det er ikkje mange nok, det er viktig for» Seier Eva Preede, prosjektleiar i Statens Vegvesen

Kommentaren kom i forbindelse med presentasjonen av mogligheitsstudia som SVV heldt for Vest-Telemarkrådet. Der SVV nok ei gong nedprioriterar trafikktryggleiken for mjuke trafikantar langs RV41. Dei seier rett ut at me er for få til å skulle ha krav på god trafikktryggleik, ein må lure på om dei har køyrd strekninga i det heile?

Det bur 267 fastbuande mellom Sundekilen bru og Kviteseid, derav 40 born frå 0-16. I tillegg har ein 160-190 elevar på Kvitsund i alderen 16-19. Tilsaman utgjer dette 450 personar! Som etter SVV definisjon er for få personar til å få god trafikktryggleik.

Samstundes opplevast trafikken større enn det SVV seier (ÅDT på 1250), ei lokal aksjonsgruppe gjennomførte ein 12 timars teljing, der dei hadde  totalt 2130 passeringar; 1781 bilar, 169 lastebilar og 180 mjuke trafikantar. Det vil sei at det kjem i gjennomsnitt 2.5 kjøretøy per minuttet og av desse er 9.5% tungekjøretøy. 

Om ein då i tillegg tek med kostnadsestimatet til SVV på 80MNOK, som tilsvarar 40000 per meter, og ein veit at det blir bygd ny 2-felts, med gang og sykkelveg, og ljos for 18000 per meter andre stadar (der det er vassføring, sump og noko fjell) då må ein lure om det i det heile er meininga at me skal få gang og sykkelveg langs RV-41. 

 #SenterpartietVIL jobbe lokalt, regionalt og nasjonalt for at staten tek vare på eigen infrastruktur og tek ansvar for trafikktryggleiken nær der folk bur. 

Difor har stortingsrepresentant Åslaug Sem Jacobsen stilt direkte spørsmål til samferdselsminister Jon Georg Dale;

Åslaug Sem-Jacobsen (Sp): Ser samferdselsministeren det samme behovet for gang- og sykkelveg på strekningen Kviteseid – Kvitsund på RV 41 som de berørte, og vil han i arbeidet med ny NTP sørge for oppdatert informasjon, som ny dokumentasjon av hvor mange kjøretøy som kjører daglig på strekningen og vurdering av om ikke det går an å bygge gang- og sykkelvegen mye billigere enn det man først har anslått?

Stian Hauge, Kviteseid Senterparti

Blog